Rusletur

I Noreg er det vinterferie, og då er det mange nordmenn som kjem til Berlin for å sjå på litt sivilisasjon. (Tyskarane gjer det stikk motsette – dei reiser til Noreg for å sjå natur)

To av dei norske turistane som kom denne vinterferien er Mormora og Moffen. Dei ville på rusletur i Kreuzberg, og eg leika guide. Det såg slik ut:

image

image

image

Endeleg får eg tatt eit bilete av desse sjølv.

image

Kjempe-Skywalker

image

Kjempe-1up

image

...og lei?

Was gibt’s? Aufregendes!

Tirsdag altså. Vill dag. Dypvannsfisk + U-Bahn = Anekdote.

Eg var i Mitte for å leike akademikar, og for å komme seg til og frå Mitte tar eg alltid U-Bahn. Så eg dro til Mitte, gjorde det eg skulle der, labba forbi alle turistane og ned til U Französische Straße, satte meg på toget og tok eit bilete av tagging inne på toget

image

Noko som er litt uvanleg

Eg bytta til U7 og sette meg ned i den litt åndsfråverande modusen ein skal ha på U-Bahn. På Südstern byrja dei rundt meg å grave i veskar og lommar, og då nokon kviskra «Kontrolle!» gravde eg óg i veska. Men ulikt dei rundt meg har eg gjord sport ut av det å køyre svart, så eg hadde sjølvsagt ikkje billett. Utruleg nok var kontrollørane meir opptekne av å plage ein gamal alkis, så på Hermannplatz glei eg ut av vogna og venta på neste tog. Heilt ninja.
Då eg var ferdig med tog og slikt eit par minutt seinare traff eg dei her:

image

OMG, street people!, tenkte eg

Og frå då av kunne ikkje den tirsdagen ha vorte betre. Hurra!

Schillerkiez

Schillerkiez ligg mellom Hermannstraße og Tempelhofer Feld, og vart opprinnelig bygga som eit sossestrøk. No vert strøket invadert av hipstarar, noko dei venstreradikale som invaderte strøket først ikkje tykkjer er så kult. Meir om det seinare.
I dag var me på safari i Schillerkiez, og fann dette:

image

Typisk antideutsche.

image

Denne sjablongen går igjen fleire stader i nærleiken.

image

Baby på dør

Meir fint: Ting å gjere når ein har babyfri

    • Spise is og gå på vindaugeshopping seint på kvelden
    • Drikke øl i parken og kikke på hippiar
    • Vente 20 minutt på feil busstopp når det er over 30 grader og solnedlang
    • Sitte ved kanalen og høyre på snatrande ender mens det skumrar og skrive stream-of-conciousness-tekstar
    • Dra på hipsterutfllukt til Wedding iførd ein lyseblå 90-talsgenser og ein for trang, fiolett trikotvest over.
    • Verte eten opp av mygg
    • Lage pommes frites på spontanVoKü hos Ida
    • Dra på teater som byrjar klokka 20.00
    • Sitte to vaksne på ein sykkel og sykle så fort ein kan fra Neukölln til Mitte
    • Sove lenge
    • Verte invitert på eplesaft klokka ti om kvelden

Mens vi venter på Godot

De gjør seg klare til å gå
Kom, Estragon, la oss gå.
Ja, nå går vi.

De blir stående
Men hva om han kommer da?
Han kommer ikke, la oss gå.
Du kan gå, jeg blir her.
Greit, så går jeg.

Vladimir går et par skritt
Kommer du?
Ja, jeg kommer.

Begge blir stående

Dette er eit daglegdags på veg heim frå barnehagen. Og kven sa at Mens vi venter på Godot er fiksjon?

Flughafen Tempelhof

Eg og den vilda bebin, på sykkel i full fart ned rullebana på Tempelhof. Den vilda bebin med pilotbrillar, eg med sveitt rygg, samanknipne auger og det ærefulle oppdraget å vere flymotor.
«Vi æ fædit me å sykle», sa den vilda bebin, så då lot eg sykkelen rulle ut på graset, hjelpte den vilda bebin ned, og la sykkelen frå meg. Så kikka me på kløver og maria nøkleblom, peika på humler og bier, og teikna ein kval i kladdeboka mi.