Det er klart kven som er den nye paven

Det gjekk fort, men denne gonga har jo Vatikanet hatt tid til å forebu seg på å måtte finne ein ny pave. Valget har falt på Innocentius XIV, ein ung australier som visar seg å vere noko litt utan det vanlege.
Óg dei tradisjonelle kleda til paven har vorte forkasta til fordel for nye, innovative klede. Pavehatten er totalrenovert. Det same er kjortelen. I ei pressemelding skriv Watikanet at dei har sedd seg nøydt til å fornya seg, og at dei har søkt hjelp frå eksterne konsulentar. Spekulantar har peika ut Westerdals som ein av dei eksterne konsulentane, men det er enno ikkje bekrefta.

Foto: Ikkje namngitt i kjelda ( http://www.brisbaneinsects.com/brisbane_loopers/WattleCup.htm )

Med dette går Vatikanet (kanskje ikkje uventa) i ei helt ny retning. Foto: Ukjend brukar på brisbaneinsects.com

Advertisements

Marsbuarteikn

I underganga ved Vollevannet er det noko rart på gong. Jamnt fordelt utover dei glisne tagsa som er der er det spraya merkelege teikn. Sjølv om SciFi-assosiasjonane var det første som dukka opp i hovudet mitt, er det nok meir sannsynleg at det er Teknisk Sektor eller ein medsamansvoren som har laga seg eit internt språk og nyttar det som koder som dei sjølv sprayer på bemalte veggar før dei malar over.

Marsbuarteikn

Marsbuarteikn

Legg merke til at den ekstremt ufine tagen bakerst i bilete ikkje er merka.

Legg merke til at den ekstremt ufine tagen bakerst i bilete ikkje er merka.

Rar kontrast.

Rar kontrast.

Her ser det ut som planen er å male rett over taggen.

Her ser det ut som planen er å male rett over taggen.

Her ser det ikkje sånn ut.

Her ser det ikkje sånn ut.

Venta meg ein kornsirkel, fann dette.

Venta meg ein kornsirkel, fann dette.

Me får ta ein ny kikk seinare i dag. Kanskje er det faktisk marsbuarar, og då kan det jo vere at me er så heldige at me finn nokre heilt ekte og kjempegenuine kornsirklar i snøen.

Yeah yeah, the fjells and the fjords

Sida eg er så norsk av meg og kjennar heimlandet mitt så godt, så dro me til Vestlandet, rettare sagt til Aurland i Geitefylket. Eg hadde jo, som den staute nordbuaren eg er, aldri vore på den delen av Vestlandet som alle noregsfetisjistane i Tyskland ser for seg når eg seier eg er norsk. Så me pakka snippeskane fulle av ullundertøy, forsinka bursdagsgave, strømpebukse med rev på og salve mot dei utsletta eg får av turistallergien min, og satte oss på toget frå Bibelbeltet til Flåm for å besøke pappa Sunnifa. Du dæven for en togtur: Me bytta tog i Drammen (verdas navle), og køyrde mot Myrdal for å bytte på nytt der. Etter å ha glodd på fjell med snø i fleire timar hoppa me over på Flåmsbana då me gjekk av i Myrdal, og det toget er grønt! Og veit du korleis tog vert grøne? Dei toga som har ubehandla turistallergi vert grøne! Det stakkars toget stod der og skulle frakte oss og nokre japanske turistar til Flåm, mens turistallergien berre fekk blomstre. Stakkars, stakkars tog. Eg skal starte ei underskriftskampanje på Facebook.

Anyways, då me var framme i Flåm vart me overumpla av 50 millionar plakatar om Flåmsbana, og ca. 3 halvvegs utdaterte bussplanar. Etter 5-6 minutts glaning og telling på bussplanane fann me ut at det ikkje gjekk nokon buss før om alt for lengje til (takk skal du faenmeg ha, Internett, du er den eg kjenner som har størst problem med å gje meg eksakt informasjon). Me ringde pappa Sunnifa, og vips, så vart me henta og fekk køyre bil forbi the fjells and the fjords. Og dei snillesnille menneska som kom og henta oss lot oss sove i huset deira. Eg er evig takksam. Takk frå meg og den vilda bebin.

Utafor huset me søv i er det vill, norsk natur. Og eg, den teite byfisen, lurar litt på kvifor folk drar kloda rundt for å sjå på det. What did I miss? Kva er galt med meg? Det er fjell, og det er dal. Kult det. Men skulle det ikkje vere magisk? Det er stort, jaudå, sempestoort, som den vilda bebin ville sagt. Kanskje eg berre er øydelagt når det kjem til naturinntrykk (sjå dette)

Eg trøyster meg med at det er geiter her. I dag vart eg ven med 9007 som ikkje ville at eg skulle slute å klø han på kjevebeinet. Og den vilda bebin vart litt redd for alle dyra, samstundes som det var veldig stas med dyr. Den einaste han faktisk tok på heilt på eiga initiativ, var den svarte katten som sneik seg etter oss halve dagen. Kalvane var for store, hesten for stor og nyskjerrig, og hønane berre tuppa rundt og glodde på han. Men, men. Katt er jo og eit dyr.

Eg latar som eg har teke billete frå denne turen, her er dei:

HER ER DET SEFF INGA BILLETE!!!