Åh, julestemning!

Dette innlegget er berre (ordentleg) stilig fram til 4. januar.

Wow

Dette bilete har pappa Sunnifa teke, for det er så fint. Eg trur det er teke i februar, men ååååååh, eg får så julestemning av å sjå WordPress-snoen som fall over bilete. Då er det bra, når fisken som aldri har julestemning får julestemning.

Advertisements

«Jag har närt en kommunist vid min barm!»

I år hadde eg verdas finaste julekveld! Alle dei finaste folka i heile Kristiansand var med, og me var ein stor familie sjølv om nesten ingen av dei som var der er i familie.

Det byrja med ein genial idé frå den herlege gjengen i KarmaKosmetix om å arrangere julefeiring for folk som ikkje har så mange rundt seg på julekvelden. Ikkje berre for dei som bur på gata, men og for folk som ikkje har særleg mykje slekt rundt seg, eller som følar seg litt einsame på julekvelden, til dømes fordi dei kjenner seg som femte hjulet på vogna i julekosen.
Då dei hektiske juleførebuingane slo inn på det blide Sørland, tok pappa Sunnifa og eg over arrangør-ballen. Me pakka inn donerte julegavar, fiksa donasjonar av mat og inviterte gjestar. Pappa Sunnifa endte til og med (som alltid) opp i avisa, artikkelen kan du spørje Google om å finne til deg.

Til saman var me ca. 20 stykk om var innom og feira jul. Under julemiddagen var me 15 til bords, og før det hadde alle kosa seg med julegåver, graut og pianospeling (Kristian Landmark var innom og spela julesongar for oss i omtrent tre timar i strekk. Takk, Kristian!). Alle fekk prata litt med kvarandre, alle fekk mat, alle som ville hjelpe til med noko fekk gjere det, og alle som berre ville kose seg fekk gjere det.

Mot all forventing, så fekk me ein julekveld med ei utruleg familiær stemning. Alle var glade for å sjå kvarandre, sida dei som var der enten var gamle venar eller venar ein ikkje kjende enno, og eg sadd med den kjensla som eg berre får av å sjå på Sagan om Karl-Bertil Jonssons Julafton, den kjensla som er ei blanding av fellesskap og julestemning som er heilt magisk. Og så skjøna eg då julekvelden var over, at det var jo nett som Karl-Bertil Jonssons julafton det me hadde laga, berre med ei eiga vri. Me køyrde ikkje rundt og delte ut stolne gåver (det tek seg ikkje så godt ut i røynda som på film), men me gav eit lite stykke jul til folk som ellers ikkje har så mykje jul. Og det er fellesnemnaren mellom vår jul og Karl-Bertil Jonsson.

Og gjett kva familien min i Sverige sende:

Bingo

Og her er det Don Martin har å seie om saka:

Åh, dagens julegaveidé

Eg snubla over denne fantastiske butikken på Etsy. Kan nokon som helst seie nei til dette lekre settet? Kan du, pappa Sunnifa?
Evt. då, får å lage den ultimate pakka, så bør jo dette flotte kunstverket vere med. Og kanskje noko herfrå. Åh, eg elskar å finne rare ting på interwebsane. Kanskje eg skal kjøpe svindyre dorullnissar frå ein hippie på Hawaii i år? Kva heiter dorullnisse på engelsk?

Erbødigst
Klar-ferdig-google-fisken

Street People

Det bur ein liten gjeng i Reuterkiez/Rixdorf som har alle firkanta hovud, tynne lemmar og er laga av gråpapir. Dei er særs eventyrlysten, og eg er høgst fascinert.

Her er ein som berre er søt og hyggeleg

Er det brød? Tøflar? Loofahar?

Foto: Pappa Sunnifa

Her er ein på kriggstien med blomar og hulaskjørt (kvadå Banksy-hommage?)

Her er ein ute på vift med sin gode kompis Snømannen

Her er ein naughty boy og rir på folk som grav i rennesteinen

Litt av ein gjeng, altså. Hold musepeikaren over bileta for å sjå kven som er fotografen, om det interesserer deg.

Finare enn advent #1

Eg har aldri vore nokon stor advent/julefan. Og sida eg oppdagar meir og meir som er fint som denne tida av året har å by på, så trur eg ikkje at eg kjem til å verte det med det første heller.

Vakkert, vent, herleg

Denne transformatorboksen gjekk på forbi på vei til god kake hos Vux i Rixdorf ein gong for lengje, lengje sida, men motivet får meg til å tenkje på tida seint i november, sjølv om gråpapirmannen er ute og flyr med ein drake. Me kan like gjerne feire vinteren som, når han er så fin..

DIVERSE diverse – diverse plakatar

Eit par av kunstnarane som stilte ut på DIVERSE diverse laga plakatar for å få folk til å komme, som ein slags ekstra promotering, og for å gje folk ein smakebit på kva utstillinga hadde å by på. Pappa Sunnifa og den vilda bebin knipa bildar då dei var på bytur forrige fredag:

Alle plakatane var unike.

Fantastisk kombinasjon av slogan og motiv!

Akkurat sånn var det der

Sykt goth

Tenk å bli lokka av garde av ein rosa elefant

Mykje fin snikreklame :)

Fredagen – ein bildekavalkade

På fredag var den vilda bebin på utflukt med pappa Sunnifa så eg kunne få rydda litt heime, og den vilda bebin kunne få feira 22-månaders-dagen sin.

Lille herr TV-slave har eitt favoritt-TV-program..

..og det er Mummitrollet.

Etterpå gjekk dei i parken og var farlege tigre. WRÆOW!

Friday 22/7 - how the whole day should have been.