Owys

Owys er ein kjend gatekunstnar i Berlin.som brukar både sjablongar og klistremerke. I tillegg til å ha laga ein sjablongserie om Ai Wei Wei og ein med mindre direkte politiske bodskap er han og kjend for ballong-paste-upsa som er godt spredt utover heile Neukölln. Denne er rett nedi gata for der me bur:

image

Advertisements

Schillerkiez

Schillerkiez ligg mellom Hermannstraße og Tempelhofer Feld, og vart opprinnelig bygga som eit sossestrøk. No vert strøket invadert av hipstarar, noko dei venstreradikale som invaderte strøket først ikkje tykkjer er så kult. Meir om det seinare.
I dag var me på safari i Schillerkiez, og fann dette:

image

Typisk antideutsche.

image

Denne sjablongen går igjen fleire stader i nærleiken.

image

Baby på dør

Google Street View

Det vart sjukt mykje bråk då Google Street View skulle introduserast i Tyskland. Heilt vilt mykje, faktisk. Det heile enda med at ein kunne be om å få huset sitt sladda, om ein var paranoid nok, og glad nok i å syte.
Tilfeldigvis/Heldigvis fins det folk som lik å vise at dei reagerer på noko på ein litt meir gjennomtenkt måte enn mobben. Minst ein sånn person har vore på ferde i krysset Weserstraße/Fuldastraße. På Google Maps ser det slik ut:


(zoom eit hakk inn!)

Og resultatet ser slik ut:

Rett på veggen