Lokalisering: forvirra

I går satt me på bussen, sånn som ein gjerne gjer når ein skal en stad. Og medan me satt der kikka eg ut vinduet, sånn som ein gjerne gjer når ein sitt på bussen. Og der såg eg – SURPRISE – det her:

PF på 167-bussen midt i Berlin?!?

PF på 167-bussen midt i Berlin?!?

Kjære Internett, kan du forklare meg kva som har skjedd? Er det ein ekte PF? Er det ein del av ein norsk buss som vart til ein Fata Morgana inne i bussen eg satt i? Er det noko heilt anna? Har mannen med mp3-spelaren til høgre på bilete noko med saka å gjere? Eg er forvirra.

…med liten gutt og såpebobler på

«Du ska få en dag i morro», syng Alf Prøysen. «Morgen ist auch ein Tag», seier stamgjesten til den vilda bebin når han ikkje vil leggje seg. «Serr, du kan leike i morra óg», seier eg.
Etter at dagluren forsvann har det blitt mykje trøtt vild bebi på ettermiddagen. Gjerne ein så trøtt vild bebi at han berre sloknar på ettermiddagen. Og ikkje minst – det er garantert at han er stuptrøtt og tilsvarande gretten på veg heim frå barnehagen.
Så kva gjer ein då, når ein skal motivere eit stykk trøtt treåring til å verte med heim? Triks nr. 1: Frynsegodar. Kva lik han då, som eg han lokke han med?, tenka eg. Svaret ga seg omtrent sjølv. Såpeboblar har vore ein stor hit i det siste, og når ein får såpeboblar til 39 cent rett rundt hjørnet for barnehagen, då er vel såpeboblar det BWLarane ville kalla ei god investering.
Me får litt rare blikk på veg heim, men det er verdt det. Me hadde fått rare blikk om eg skulle hatt ein vrælande unge over skuldra óg. Og, om ein skal vri litt på det, så førar triks nr. 1 til triks nr. 2, nemleg at den gjengse Neuköllnar vert litt gladare.
I morgo er det ikkje barnehage, men me har såpeboblar likevel. Kanskje me lagar spontanperformance fordi me kan.

Fancy restaurant

I går var me hos legen for å friskmelde den vilda bebin etter vannkopper, og på vei derfrå bestemde me oss for å gå på fancy restaurant. Og som sagt, så gjort. Me bestilte suppe som var så fancy at den hadde fådd namn etter ein opera. Før suppa kom fekk med brød, eler sånn restaurant-loff, så den vilda bebin åt ein god del av den. Så kom suppa, eg erklærte suppa for «NAM NAM NAM!», den vilda bebin dyppa brødet sitt i suppe fem gonger og la hovudet på bordet. Der lå han ein stund før han sedde seg opp igjen, åt ei skjei suppe og la seg ned att. Og så blei han liggande. Eg vt opp suppa mi. Eg åt opp suppa hans («NAM NAM NAM!»), og innsåg at den vilda bebin sov. «Jajaja, det er bra du ikkje sovna med andletet i tallerkenen!», sa eg, knyta den vilda bebin på ryggen og gjekk heim.
Alle var einige om at det var fancy på restaurant.

Oh, the joy

Ein av naboane har klikka på nokon i 6. etasje og står og skrik ut av vindauget at dei skal halde kjeft. Så vidt eg kan høyre kjem det ikkje ein lyd frå 6. etasje, men naboen er lettare irriterande der han står og brølar og smell med vindauget sitt så det ristar i veggane her hos oss.

Så, kjære nabo, for å seie det med dine eigne ord: RUHE!! Verdammt noch mal! Sei ruhig!
Om det er for mykje lyd for deg kan du jo flytte på landet.