Hjelp II

«Æ vil se på Våksmygd Hæmmi», sa den vilda bebin ut av det blå og prøvde å ræppe litt.
«Denne her?», sa eg og satte på denne her:

Og så var alt bra. Cirka. Eg har, som mødre gjerne gjer, fundert litt. Kjem den vilda bebin til å bli gængsta? Er han gængsta? Får han ikkje-så-veldig-gode-idear av å høyre på Vågsbygd Handy? Kjem han til å ville bygge romskip eller henge på Vågsbygd Senter? Er interessen hans for lokal-rap ikkje meir enn ein hyllest til populærkultur og absurdisme? Køyr debatt.

PS: Det er iallefall lite snakk om «pimps and hoes» og anna kvinneundertrykking hos handycap-gutane. Og det er jo positivt.

Advertisements

Leggetid/These walls don’t lie

Her i garden er me einige om at det kan vere like kult med musikkvideoar som med teikneseriar. Så i kveld var barne-TV kort, men godt:

I den anledning teikna den vilda bebin Promoe.

Frukostfjernsyn

«Kan vi se på Hufsa?», spurde den vilda bebin etter å ha dytta meg ut av senga for at eg skulle hente eplesaft til han.
Eg, som over natta hadde utvikla særs tette bihular og dermed berre hadde lyst til å legga meg i senga, tenkte at, ja, det kan me.
Så då fann eg fram netbooken (eg er for at me skal kalle det små-PC på norsk), la eg meg ned i senga, og så låg me i senga og drakk eplesaft og kikka på denne:

(bare at me så han på svensk)

Rixdorf represents: Overraskingsorkester

Jaudå. Me bur i Rixdorf. Lurar du på kor/kva det er, så spør Wikipedia.

I går dreiv me og surra rundt i stua og rydda og bygde med Duplo og gjorde sånne ting eg og den vilda bebin likar å gjere. Og men me gjorde det, så høyrde me nokon som spelte trompet utanfor. Eg tenkte ikkje så mykje over det, for det er musikk rundt oss omtrent heile tida, men musikken i går, den kom nærmare, på ein måte. Og så høyrde me at den som spela var på hjørnet der me bur, så me opna vindauget og kikka ut. Før så me ingen ting, men etter ca. eit minutt kom det ein fyr traskande mens han spela. Han rakk ut hatten sin så andre folk som kikka ut vindauga sine kunne kaste småpengar i han mens han spela. Kreds for det. Så kom det to karar med trekkpill og ein med perk som og laga musikk. Det var fantastisk fint, og ikkje minst utruleg spanande å stå der og kikke på frå vindauget vårt. Den vilda bebin vinka, og vert vinka attende til. Stor stas. Diverre tok eg ikkje noko bilete av dei, for eg har ikkje kamera, men der skulle du ha vøri.
Fine Rixdorf.