Dagens kleptoman

Steal Like an Artist

Er det steling, inspirasjon eller gjenbruk?

Advertisements

DIVERSE diverse – diverse plakatar

Eit par av kunstnarane som stilte ut på DIVERSE diverse laga plakatar for å få folk til å komme, som ein slags ekstra promotering, og for å gje folk ein smakebit på kva utstillinga hadde å by på. Pappa Sunnifa og den vilda bebin knipa bildar då dei var på bytur forrige fredag:

Alle plakatane var unike.

Fantastisk kombinasjon av slogan og motiv!

Akkurat sånn var det der

Sykt goth

Tenk å bli lokka av garde av ein rosa elefant

Mykje fin snikreklame :)

Elsker når det skjer

Når Final Cut ikkje reagerar og eg stirrar meg blind på den runde, roterande regnboga og får redigert ca. tre minutt film på eit kvarter fordi eg må vente på at den treige maskinen skal slute å treige seg, då får eg verkeleg lyst til å slute meg til lovprisingskoret som rosar Apple-produkt langt opp i skyane. Not.

MøkkaMac! Er det så vanskeleg å gjere det ein blir bedt om. Den er jo bygga for å gjere ting som dette! Gaaah. Eg vert gal.

«Jeg bygde bleie selv!»

I dag tok verdas beste mann morgonskiftet, sjølv om det strengt tatt ikkje var nødvendig. Verdas beste mann kunne stolt meddela at han «bygde bleie selv». Det har han aldri gjort før utan vegleiing. Etterpå låg han og den vilda bebin og leika i senga, mens eg prøvde å sove ved sida av. Då dei var ferdige med det, laga eg og den vilda bebin frukost som verdas beste mann fekk servert på senga sida han var treg med å grave seg sjølv ut av dynene.

Etter endt frukosteting gjekk me til byen for å handle. På vegen dumpa me innom Sprayboks som me tilfeldigvis såg var open. Der var det soloutstilling av Benjamin Laading, og den var noko av det kulaste eg har sett på evigheitar! Den vilda bebin kikka og kikka og kikka, og då me til slut fann ein film om korleis kunsten vart laga vart den vilda bebin heilt oppslukt.

Etter ein stund på kunstutstilling kom me oss på Rema, handla, såg resultatet av ein malingsmaskin sitt møte med ein vegg og tusla mot kåken til verdas beste mann. Sjølvsagt byrja det å regne mens me gjekk, så den vilda bebin endte opp i vogna si. Han og LilleZara vart ikkje våte, i motsetnad til meg. (Haha, fisken vart blaut)

Vel framme (og ute av den våte kleda for min del) laga me laksemiddag med poteter, laks og steikt lauk. Den vilda bebin åt ein tredjedels laksefilet og ein halv potet. Så mykje middagsmat har han aldri ete før. Medan me åt såg me Boondock Saints II, ein film som strengt teke ikkje er ein oppfølgjar til Boondock Saints, men ein spin-off i sjangaren sit-com. Og eg som var forberedt på noko av same kvalitet som Boondock Saints. Skuffa.

PS. Eg har installert nytt operativsystem på netbooken, og satte default-språk til nynorsk, difor vart innlegget på denne målforma. Det spela sjølvsagt også inn at ei gamal klassevennine klaga over at eg ikkje sreiv nok nynorsk lenger.
Har du noko å seie på målforma, ver ven og skriv ein kommentar. Kommentarar som inneheld usaklegheitar av typen «nynorsk er teit» kjem til å verte redigert til «Jei ær tilbakeståenne åg gidder ike følle me på skolenn fordi jei ær sjukk i hue. Hilsen «IP-adresse, navn og/eller mailadresse».»

Maish, dear, if you're going to translate this post in Google Translator you must translate from Norwegian Nynorsk, not Norwegian Bokmål