Kvardagsrapport

Den vilda bebin har dokumentert korleis me har det heime hos oss, for me er jo ikkje berre ute og glor på veggar sjølv om det kan virke slik. Sånn ser det ut når han tar bloggen i eigne hender:

image

Dette er ikke ein vegg, men eit golv

image

Dagens outfit

image

Interiørblogging?

image

Freaky fingre

image

Fotokunst I

image

Fotokunst II

image

Definitivt fotokunst! Har eg nemnd av ungen min er eit geni?

image

Meir interiørblogging. Og ja, du gjetta rett, putetrekket er frå IKEA ei gong for 100 år sida

…med liten gutt og såpebobler på

«Du ska få en dag i morro», syng Alf Prøysen. «Morgen ist auch ein Tag», seier stamgjesten til den vilda bebin når han ikkje vil leggje seg. «Serr, du kan leike i morra óg», seier eg.
Etter at dagluren forsvann har det blitt mykje trøtt vild bebi på ettermiddagen. Gjerne ein så trøtt vild bebi at han berre sloknar på ettermiddagen. Og ikkje minst – det er garantert at han er stuptrøtt og tilsvarande gretten på veg heim frå barnehagen.
Så kva gjer ein då, når ein skal motivere eit stykk trøtt treåring til å verte med heim? Triks nr. 1: Frynsegodar. Kva lik han då, som eg han lokke han med?, tenka eg. Svaret ga seg omtrent sjølv. Såpeboblar har vore ein stor hit i det siste, og når ein får såpeboblar til 39 cent rett rundt hjørnet for barnehagen, då er vel såpeboblar det BWLarane ville kalla ei god investering.
Me får litt rare blikk på veg heim, men det er verdt det. Me hadde fått rare blikk om eg skulle hatt ein vrælande unge over skuldra óg. Og, om ein skal vri litt på det, så førar triks nr. 1 til triks nr. 2, nemleg at den gjengse Neuköllnar vert litt gladare.
I morgo er det ikkje barnehage, men me har såpeboblar likevel. Kanskje me lagar spontanperformance fordi me kan.