Finare enn advent #2

Ronja på brua

Advertisements

Street People

Det bur ein liten gjeng i Reuterkiez/Rixdorf som har alle firkanta hovud, tynne lemmar og er laga av gråpapir. Dei er særs eventyrlysten, og eg er høgst fascinert.

Her er ein som berre er søt og hyggeleg

Er det brød? Tøflar? Loofahar?

Foto: Pappa Sunnifa

Her er ein på kriggstien med blomar og hulaskjørt (kvadå Banksy-hommage?)

Her er ein ute på vift med sin gode kompis Snømannen

Her er ein naughty boy og rir på folk som grav i rennesteinen

Litt av ein gjeng, altså. Hold musepeikaren over bileta for å sjå kven som er fotografen, om det interesserer deg.

Finare enn advent #1

Eg har aldri vore nokon stor advent/julefan. Og sida eg oppdagar meir og meir som er fint som denne tida av året har å by på, så trur eg ikkje at eg kjem til å verte det med det første heller.

Vakkert, vent, herleg

Denne transformatorboksen gjekk på forbi på vei til god kake hos Vux i Rixdorf ein gong for lengje, lengje sida, men motivet får meg til å tenkje på tida seint i november, sjølv om gråpapirmannen er ute og flyr med ein drake. Me kan like gjerne feire vinteren som, når han er så fin..

Urbane dyr 2

Det er ikke berre rev midt i byen. Eg har og observert dyr som:

Ei ugle. (The are not what they seem, mind you)

Dinosaurer på eit forelda framkomstmiddel.

Ein elefant.

Ein fiskestim.

Ein fugl som trur den er ei steinrøys.

Gnagar med lange ørar.

Ein lettere skada fisk (som får hjelp)

Einhjørningar.

Ein slange

Ein postgris.

Ein flink bjørn.

Pappa Sunnifa har teke ca. halvparten av bileta. Cradz til ho.

Antifa – Tyskland

Mens eg enno mimrar: Her er eit knippe Antifa-klistremerker me kom over både i Kiel og i Berlin:

Alternativ til "kein Sex mit Nazis!"

Heimelaga, og vel så fint som dei masseproduserte

Kanskje ikkje direkte AFA, menmen

Derimot veldig AFA

Parodi? Lokalpatrioti?

Den morosame fraksjonen av AFA, som me ikkje har i Noreg

Say no more

Pappa Sunifa har teke dei fleste bileta.

Nokre minner frå Kiel

Ein gong i vinter var me i Kiel. I Kiel ser det slik ut:

Dette minner meg om kattene som hang rundt forbi på stolper i byen for nokre år sida. Eg trur det var Muskelpust som laga dei.

Ein rev og ein blekksprut saman. Ein kjempefin kombo.

Ordentleg pro.

Rett ved kulturhuset som har vore pumpehus. På bakken, faktisk.

Her er ein til.

Det er superfotografen Pappa Sunnifa som har teke bileta. Ho og den vilda bebin surra rundt i Kiel mens eg var studine. Eg trur dei hadde det gøy.