Me fann denne lille raringen her på veg heim i går. «Er han sjuk?», spurte den vilda bebin.
Tag Archives: klistremerker
Peer, du lyg!
Owys
Owys er ein kjend gatekunstnar i Berlin.som brukar både sjablongar og klistremerke. I tillegg til å ha laga ein sjablongserie om Ai Wei Wei og ein med mindre direkte politiske bodskap er han og kjend for ballong-paste-upsa som er godt spredt utover heile Neukölln. Denne er rett nedi gata for der me bur:
Huset sier:
Alt som er fint
Prost, Neujahr!
Meir Emus Primus her
Die Straße entlang
I dag var eg og den vilda bebin på luftetur i gata vår, som eg trur er Berlins minste gate. (Det ligg ei gate ein stad i Pankow eller rundt der som visstnok er Berlins aller minste gate, men den er eigentleg berre ein sti med brostein, så for min del har me rekorden.)
Nederst i gata vår er det nokon som har klistra lappar med nye ord over gatenamna, det er kjempekult, og så ligg gata vårt så lagt unna allfarveg at dei som går forbi ikkje vert forvirra av det. Dessutan er det berre å kikke over til den andre sida av gata om ein er usikker på kor ein er. Smart gjort.
Da eg hadde knipsa ferdig gateskilta gjekk me ned trappa. Der fann eg dette:
Så gjekk me opp stien ved sida av trappa, og då me traff ein hund byrja den vilda bebin å løpe som ein tulling:
Då me hadde sagt hei til postbudet fann me denne:
Og så gjekk me inn til oss og hoppa litt i snøen i bkgården før me gjekk inn og bygga med klossar. Alle var einige om at det var ein fin tur. Og ja, me har snø i Berlin også. Utruleg nok har den haldt seg kvit i gata vår.
PS: Eg har strikka lua til den vilda bebin! Oppskrifta fann eg her
Godt nyttår
Spöke
Finare enn advent #4
Denne mannen fascinerte meg veldig. Kvar gong eg traff han, hadde han forandra seg. Bilete er frå fyrste gongen me møttes.
Andre gongen var snora og lappen hans vekk, og hatten hans sang på siste verset. Tredje gong eg gjekk forbi var heile han vekk. Men det er noko av det som er så fint med gatekunst.