Dagens kleptoman

Steal Like an Artist

Er det steling, inspirasjon eller gjenbruk?

Advertisements

Hjelp II

«Æ vil se på Våksmygd Hæmmi», sa den vilda bebin ut av det blå og prøvde å ræppe litt.
«Denne her?», sa eg og satte på denne her:

Og så var alt bra. Cirka. Eg har, som mødre gjerne gjer, fundert litt. Kjem den vilda bebin til å bli gængsta? Er han gængsta? Får han ikkje-så-veldig-gode-idear av å høyre på Vågsbygd Handy? Kjem han til å ville bygge romskip eller henge på Vågsbygd Senter? Er interessen hans for lokal-rap ikkje meir enn ein hyllest til populærkultur og absurdisme? Køyr debatt.

PS: Det er iallefall lite snakk om «pimps and hoes» og anna kvinneundertrykking hos handycap-gutane. Og det er jo positivt.

Lokalisering: forvirra

I går satt me på bussen, sånn som ein gjerne gjer når ein skal en stad. Og medan me satt der kikka eg ut vinduet, sånn som ein gjerne gjer når ein sitt på bussen. Og der såg eg – SURPRISE – det her:

PF på 167-bussen midt i Berlin?!?

PF på 167-bussen midt i Berlin?!?

Kjære Internett, kan du forklare meg kva som har skjedd? Er det ein ekte PF? Er det ein del av ein norsk buss som vart til ein Fata Morgana inne i bussen eg satt i? Er det noko heilt anna? Har mannen med mp3-spelaren til høgre på bilete noko med saka å gjere? Eg er forvirra.

Fancy restaurant

I går var me hos legen for å friskmelde den vilda bebin etter vannkopper, og på vei derfrå bestemde me oss for å gå på fancy restaurant. Og som sagt, så gjort. Me bestilte suppe som var så fancy at den hadde fådd namn etter ein opera. Før suppa kom fekk med brød, eler sånn restaurant-loff, så den vilda bebin åt ein god del av den. Så kom suppa, eg erklærte suppa for «NAM NAM NAM!», den vilda bebin dyppa brødet sitt i suppe fem gonger og la hovudet på bordet. Der lå han ein stund før han sedde seg opp igjen, åt ei skjei suppe og la seg ned att. Og så blei han liggande. Eg vt opp suppa mi. Eg åt opp suppa hans («NAM NAM NAM!»), og innsåg at den vilda bebin sov. «Jajaja, det er bra du ikkje sovna med andletet i tallerkenen!», sa eg, knyta den vilda bebin på ryggen og gjekk heim.
Alle var einige om at det var fancy på restaurant.

Dagens Morgenblad-saksing

I forventningenes tid

Lenge var det «i forhold til» som forsøplet de angivelig seriøse samfunnsaktørenes språk. Nå har dette sammenlignende uttrykket, som i den politisk-byråkratske dagligtalen kan erstattes med «i», «om», «på» eller «når det gjelder», fått selskap av verbet «forvente». Nå venter vi ikke noe lenger, men vi forventer. I gamle dager reserverte vi gjerne forventningene til noe det går an å glede seg til, mens vi venter eller regner med det verste. Dermed blir det riktig ille når tidligere forsvarssjef Sverre Diesen i VG unnskylder Politiets feil 22. juli i fjor på denne måten: «Etter politiets forutsetninger så er mengden feil cirka det vi må forvente. Da tar jeg høyde for hvilken prioritet vi i realtiteten har gitt denne delen av politiets oppgaver i forhold til både økonomi, trening og øvelser …» Beklager, Diesen, språkføringen svekker budskapet, vi anbefaler ham og mange flere forventnings- og forholdsavrusning

Ein liten kommentar: Kva i alle dagar var det Diesen sa? Kan nokon her på internett omsette for meg?

Oh, the joy

Ein av naboane har klikka på nokon i 6. etasje og står og skrik ut av vindauget at dei skal halde kjeft. Så vidt eg kan høyre kjem det ikkje ein lyd frå 6. etasje, men naboen er lettare irriterande der han står og brølar og smell med vindauget sitt så det ristar i veggane her hos oss.

Så, kjære nabo, for å seie det med dine eigne ord: RUHE!! Verdammt noch mal! Sei ruhig!
Om det er for mykje lyd for deg kan du jo flytte på landet.

Meir fint: Ting å gjere når ein har babyfri

    • Spise is og gå på vindaugeshopping seint på kvelden
    • Drikke øl i parken og kikke på hippiar
    • Vente 20 minutt på feil busstopp når det er over 30 grader og solnedlang
    • Sitte ved kanalen og høyre på snatrande ender mens det skumrar og skrive stream-of-conciousness-tekstar
    • Dra på hipsterutfllukt til Wedding iførd ein lyseblå 90-talsgenser og ein for trang, fiolett trikotvest over.
    • Verte eten opp av mygg
    • Lage pommes frites på spontanVoKü hos Ida
    • Dra på teater som byrjar klokka 20.00
    • Sitte to vaksne på ein sykkel og sykle så fort ein kan fra Neukölln til Mitte
    • Sove lenge
    • Verte invitert på eplesaft klokka ti om kvelden

Drehbuchautor

«De må avtale eit tema for heimeeksamen», sa forelesaren min til meg.
«Jaaaa, eg har litt sånn overveid å skrive om Fontane si bruk av synestesiar», svara eg. Eg hadde, for å vere heilt ærleg, ikkje lest noko særleg av Fontane. Berre ein dialog her og eit brev der.
«Oooh, så spanande, kva for verk tenkjer De på då?», svarte forelesaren min, tydeleg begeistra. Der hadde eg flaks, tenka eg.
«Näää, det er litt det dumme med meg og leseteknikkane mine. Eg les noko, og så legg eg merke til at det er eit verkemiddel eg lik der, og så merkar eg meg verken kva eg las eller kor eg las det, eg berre lagar ein liten notis inni hovudet mitt om at «det var kult!», og så går resten ut det eine øret. Det er dessverre ein liten miljøskade eg har tatt med meg frå det eg har studert av film», rodde eg. Eg kunne sikkert dratt det enno lengre med ein enorm utgreiing av forskjellane på filmanalyse og tekstinterpretasjon, men eg hadde eigentleg dårleg tid. Dessuten av ordforrådet mitt nesten tomt.

Men så satte eg meg faktisk ned (på U-Bahn, vel å merke) og leste eit par sider i ein av Fontanes romanar. Så kom eg over dette avsnittet:

Es hatte die nacht vorher geregnet, und der am Fluß hin gelengende Stadtteil, den der Zug eben passierte, lag in einem dünnen Morgennebel, gerade dünn genug, um unseren Reisenden einen Einblick in die Rückfronten der Häuser und ihre meist offenstehenden Schlafstubenfenster zu gönnen. Merkwürdige Dinge wurden da sichtbar, am merkwürdigsten aber waren die hier und da zu Füßen der hohen Bahnbögen gelegenen Sommergärten und Vergnügungslokale. Zwischen rauchgeschwärzten Seitenflügeln erhoben sich etliche Kugelakazien, sechs oder acht, um die herum ebensoviel grüngestrichene Tische samt angelehnten Gartenstühlen standen. Ein Handwagen, mit eingeschirrtem Hund, hielt vor einem Kellerhals, und man sah deutlich, wie Körbe mit Flaschen hinein- und mit ebensoviel leeren Falschen wieder hinausgetragen wurden. In einer Ecke stand ein Kellner und gähnte.

Frå Cécile, 1887

Og så slo det meg: Dette er jo som ein dreiebok! Theodor Fontane skreiv tekster som kunne nyttast som dreiebok før Lumiére fann opp filmen, faktisk. Det er godt muleg det heng saman med at han jobba som teaterkritiker mens han skreiv Cécile, men likevel er det utruleg fascinerande. Eg dristar meg til å hevde at teater og film i filmens spede barndom ikkje var særs forskjellege.
Men uansett – film- og teaterhistoria kan eg spare til heimeeksamen. Det som slo meg då eg sat der på U-Bahn var at denne nesten pirkete detaljrikdomen til Fontane er perfekt for ein filmskapar. Så eg sjekka Wikipedia då eg kom heim, og jodå, Fontanes bøker er filmatisert eit utal gonger. Altså er kveldsplanane dei neste dagane å sjå Fassbinders filmatisering av Effi Briest, tråle gjennom boka (ja, eg veit, det er feil rekkefølgje å gjere det i), og å samanlikne og sende eit par små konklusjonar saman med ei presentasjon av tema på heimeeksamen til forelesaren min. Og nokon sa ERASMUS-studentane var nokon uengasjerte latsabbar.