Notefigur

Fin

Ser du fjeset?

Advertisements

Vår ville søndagstur i parken

Som seg hør og bør for borgerskapet gjekk me søndagstur på søndag. Ikkje fordi me likar å leike borgarlege, men fordi det var snø.

image

Her leiker me hund og pinne

Og som den sunne norske ungdomen me er klatra me litt i eit tre óg.

image

Treet hadde ein rar beboar

Schillerkiez

Schillerkiez ligg mellom Hermannstraße og Tempelhofer Feld, og vart opprinnelig bygga som eit sossestrøk. No vert strøket invadert av hipstarar, noko dei venstreradikale som invaderte strøket først ikkje tykkjer er så kult. Meir om det seinare.
I dag var me på safari i Schillerkiez, og fann dette:

image

Typisk antideutsche.

image

Denne sjablongen går igjen fleire stader i nærleiken.

image

Baby på dør

Lokalisering: forvirra

I går satt me på bussen, sånn som ein gjerne gjer når ein skal en stad. Og medan me satt der kikka eg ut vinduet, sånn som ein gjerne gjer når ein sitt på bussen. Og der såg eg – SURPRISE – det her:

PF på 167-bussen midt i Berlin?!?

PF på 167-bussen midt i Berlin?!?

Kjære Internett, kan du forklare meg kva som har skjedd? Er det ein ekte PF? Er det ein del av ein norsk buss som vart til ein Fata Morgana inne i bussen eg satt i? Er det noko heilt anna? Har mannen med mp3-spelaren til høgre på bilete noko med saka å gjere? Eg er forvirra.

…med liten gutt og såpebobler på

«Du ska få en dag i morro», syng Alf Prøysen. «Morgen ist auch ein Tag», seier stamgjesten til den vilda bebin når han ikkje vil leggje seg. «Serr, du kan leike i morra óg», seier eg.
Etter at dagluren forsvann har det blitt mykje trøtt vild bebi på ettermiddagen. Gjerne ein så trøtt vild bebi at han berre sloknar på ettermiddagen. Og ikkje minst – det er garantert at han er stuptrøtt og tilsvarande gretten på veg heim frå barnehagen.
Så kva gjer ein då, når ein skal motivere eit stykk trøtt treåring til å verte med heim? Triks nr. 1: Frynsegodar. Kva lik han då, som eg han lokke han med?, tenka eg. Svaret ga seg omtrent sjølv. Såpeboblar har vore ein stor hit i det siste, og når ein får såpeboblar til 39 cent rett rundt hjørnet for barnehagen, då er vel såpeboblar det BWLarane ville kalla ei god investering.
Me får litt rare blikk på veg heim, men det er verdt det. Me hadde fått rare blikk om eg skulle hatt ein vrælande unge over skuldra óg. Og, om ein skal vri litt på det, så førar triks nr. 1 til triks nr. 2, nemleg at den gjengse Neuköllnar vert litt gladare.
I morgo er det ikkje barnehage, men me har såpeboblar likevel. Kanskje me lagar spontanperformance fordi me kan.