Er det steling, inspirasjon eller gjenbruk?
Tag Archives: film
One United Power
Eg fann den evig lange dokumentaren om 1UP hos Berlin Graffiti. Det er utruleg fascinerande kor stort og effektivt det crewet er. Dokumentaren vert for meg enno meir aktuell av at det poppar opp 1UP-tags i nabolaget mitt raskare enn eg klarar å forevige dei. Dette er verdsherredømme in the making.
Leggetid/These walls don’t lie
Her i garden er me einige om at det kan vere like kult med musikkvideoar som med teikneseriar. Så i kveld var barne-TV kort, men godt:
I den anledning teikna den vilda bebin Promoe.
MandagsMusik
Eg snubla over Me And My Drummer ein gong tidlegare i haust, men eg har ikkje funne det for godt å dela det med omverda før no. Det gjer det ikkje mindre bra.
Prost, Neujahr!
Meir Emus Primus her
Herzstück
Heiner Müllers aller finaste drama i ein søt filmatisering.
Dagens repeat
Me såg han på repeat eit utal gonger. Den er så bra.
5 tyske filmar
For halvanna år sida skreiv Kathleen eit innlegg om sine 5 på topp tyskspråklege filmar. No gjer eg det same. Kor filmane er på lista er litt vilkårleg.
- Sonnenallee (1999), Leander Haußmann
Me leste romanen til Thomas Brussig som denne filmen er basert på då eg studerte tysk i Noreg, og eg elska han. Så såg me filmen, og hei, denne filmen har eg sedd 8 gonger no, og den er like hysterisk morosam kvar gong.
Ein vennegjeng bur i den kort enden av Sonnenallee, den sida som er på austsida av muren. Frå stugevindauga kan dei kikke over til Vest-Berlin (faktisk har dei så god utsikt der nede i Pläntnerwald at dei kan sjå til Kudamm). Micha og kompisane hans er oppteke av musikk, og vil aller helst høyre på den musikken som er forbode. I tillegg flørtar den penaste jenta på skulen med ein vest-berliner, og onkel Heinz smuglar med seg strømpebuksar og kaffi kvar gong han kjem på besøk. Mykje forviklingar, ablegøyar og tenåringskleinheit, og på toppen av det heile må Micha vise legitimasjon berre han går ut gatedøra.
- Krabat (2008), Marco Kreuzpainter
Filmatiseringa av Otfried Preußler sin roman med same tittel. Eg ha ikkje fått ut fingeren og lese boka enno sjølv om eg fann han på loppis til 1€ for ikkje lenge sida. Eg trur alle tyskarar med sans for fantasy, men som er for gamle for Cornelia Funke sin Tintenwelt-triologi, har tilrådd meg å lese han. Krabat får kjem til ei mølle lang ute i ødemarka, der det foregår mystiske sakar og magiske ting kvar fullmåne (og litt ellers også). Søt fantasyfilm som vel igrunn reddar seg på å ha David Kross, Daniel Brühl og Robert Stadlober på rollelista.
-
Das weiße Band (2009), Michael Haneke
Denne filmen er sterk. Billedsterk, tematisk sterk, skodespelarmessig sterk. Nordtyskland ein gong rett før 1. verdskrig, i ein særs pietistisk landby. To timar vakker, grusom filmkunst laga av ein østerrisk regissør.
-
Effi Briest (1968), Rainer Werner Fassbinder
Eg veit ikkje heilt om dette kan kallast film. Det er meir ei rekke veldig fotografiske utsnitt i svart/kvitt med Hanna Schygulla som siterar Fontane sin roman. Sjukt fine billete, fantastiske kameravinklar og ei nydeleg måte å filmatisere ein av dei største tyske forfattarane frå romantikken på. Skal du ha både tysk filmhistorie og litteraturhistorie på berre 65 minutt, så sjå denne.
Vier Minuten(2006), Chris Kraus
Den gamle pianolærerinna Traude byrjar å undervise på det lokale kvinnefengselet. Der får ho kjempeaggressive Jenny som elev. Jenny er fantastisk talentert, og Traude tek ho med seg til ei pianokonkurranse. På veien vert dei betre kjend med kvarandre og får rydda litt opp i fortida til kvarandre.
Kos deg med film! Popcorn heiter forresten Popcorn på tysk og.
Nett difor bloggar eg på nynorsk
Frukostfjernsyn
«Kan vi se på Hufsa?», spurde den vilda bebin etter å ha dytta meg ut av senga for at eg skulle hente eplesaft til han.
Eg, som over natta hadde utvikla særs tette bihular og dermed berre hadde lyst til å legga meg i senga, tenkte at, ja, det kan me.
Så då fann eg fram netbooken (eg er for at me skal kalle det små-PC på norsk), la eg meg ned i senga, og så låg me i senga og drakk eplesaft og kikka på denne:
(bare at me så han på svensk)