Det er klart kven som er den nye paven

Det gjekk fort, men denne gonga har jo Vatikanet hatt tid til å forebu seg på å måtte finne ein ny pave. Valget har falt på Innocentius XIV, ein ung australier som visar seg å vere noko litt utan det vanlege.
Óg dei tradisjonelle kleda til paven har vorte forkasta til fordel for nye, innovative klede. Pavehatten er totalrenovert. Det same er kjortelen. I ei pressemelding skriv Watikanet at dei har sedd seg nøydt til å fornya seg, og at dei har søkt hjelp frå eksterne konsulentar. Spekulantar har peika ut Westerdals som ein av dei eksterne konsulentane, men det er enno ikkje bekrefta.

Foto: Ikkje namngitt i kjelda ( http://www.brisbaneinsects.com/brisbane_loopers/WattleCup.htm )

Med dette går Vatikanet (kanskje ikkje uventa) i ei helt ny retning. Foto: Ukjend brukar på brisbaneinsects.com

Men kjære WordPress.com, då

Hei Internett, lengje sida.

Eg logga inn på wordpress.com som eg gjer når eg vil formidle noko over verdsveven. Men i staden for å sjå dei vanlege sidane wordpress visar meg etter at eg loggar inn, landa eg i ein labyrint. Eg fann reader-feeden min. Den plar eg å få slengt i fleisen etter å ha logga inn, så det var greit. Så fann eg statistikken min, men den hadde fått seg ein heftig makeover! Der eg plar å sjå ein heilt vanleg, kjedeleg stolpegraf, sånn som dei me hadde i mattebøkane på skulen, var det noko fancy og interaktivt; to stolpegrafar lagt oppå kvarandre, og fleire blånyansar og full forvirring. «Uæ! Hjelp, kor er eg? Dette må eg blogge om.», tenkte eg. Men knappen eg plar å trykke på for å kunne blogge var vekk. Så eg trykka vilt rundt, prøva å trykke på alle knappane samtidig (det går ikkje når ein brukar datamus), pirka litt på skjermen meg fingeren, ingenting hjelpte. Og så, poff, ut av ingenstads, kom styringspanelet mitt. Takk for labyrintturen, wordpress. No veit eg ikkje om eg får logge ut igjen. Om nokon finn meg i eit hjørne av Internettet, ver ven og gje meg til julenissen.

Forvirra helsing,
Dypvannsfisk.

Mammabloggen min er visst ikkje bra nok

Sjølvaste WordPress har nemleg kome med temaet (eller «bunaden», som nynorskversjonen av wordpress.org kallar det) Babylog, eit tema som er «the perfect theme for chronicling your little one’s first year (and beyond!) The playful, sweet design will take you from first smiles to first steps, and you can even customize the baby graphic to look like your own bundle of joy!»

Eg har jo tydelegvis gjort alt feil. For det første byrja eg å blogge heile tre år(!) før dette feiande flotte temaet vart publisert. For det andre blogger eg ikkje konsekvent om Det Største Temaet Alle Kan Tenka Seg; Den Velsigna Tilværinga, altså det å ha små barn. Eg bloggar om alt mogleg anna (på tross av at me er ein ekstremt awesome familie).

Så no er problemstillinga: Skal eg slette alt som ikkje har med mammablogging å gjere, endre til det verdsbevegande temaet Babylog og lage ein masse bilete av oss der me har det sååååååååååå fint?
Eller skal eg byrja på nytt og lynoppsummera dei siste tre åra?
Eller skal eg innsjå nederlaget, drite i det og fortsette som før?

Eg veit ikkje. Kanskje eg skal lage ei rosa spørrerunde om dilemmaet. Forvirra,
Eders Dypvannsfisk.

PS: Anonyme attendemeldingar eller anna snusk kan sendast til mailadressa som eg har lagt ut på ei av sidane som ligg rett under headeren. Bilete frå ferien din (gjerne og utan barn) vert og sette pris på.

Oj, eg har visst mammablogg

Hei internett, hei bloggen.

Eg hadde gløymd dykk litt, eg. Eller, neidå, eg hadde ikkje det. Kanskje berre ignorert dykk litt den siste tida. Ikkje noko personleg, altså.

Såh. Kanskje eg skal skrive litt om kva me har gjort i det siste. Ja, det var ein god idé. I det siste har me….. øh. Me har liksom ikkje gjort noko som er interessant for nokon andre den siste tida. Den vilda bebin har vore i barnehagen. Det som skjer der er tausheitspliktig, så derfrå er det ikkje mykje å fortelle.
Og så har me vore på leikeplassen. Det var skikkelig kult; der, vettu, der har me….. leika.

Og så har me bada, ete og levd livet. Skikkleg masse som eg kunne skreve om, men kven bryr seg eigentleg om kvaforslags kvardagssyslar me driv med? Det raker jo liksom ikkje nokon heller.
Eg trur mammablogging er litt kjedeleg.

Dagens ditt, dagens datt…

Eg gjorde min kvartalsmessige blogg-evaluering™ her forleden, og du dæven så mykje «dagens dilldall» det har vore i det siste. Jaja. Internett, eg innrømmer at eg har vore uinspirert og har hatt meir morosame ting fore enn å blogge, men når eg scrollar gjennom bloggen min og ikkje tykkjer eg sjølv er morosam, då må me ta grep.

Det tyder ikkje at eg skal slutte å legge ut ting som dagens, men det vert kanskje etterkvart publisert nokre billete, og kanskje eg skal hatblogge litt også. Eg har nemleg skjøna at rosablogging er litt ut, men at hatblogging (særs type raud, smånevrotisk og gjerne tematisk snever) er ein hit her i Germania. ← Sjå, der byrja eg alt. Her i Tyskland er det nemleg ikkje lov å skrive Germania, det er omtrent så lite politisk korrekt som ein kan gjere det.
Eit anna argument for hatblogging er at den vilda bebin er i trassalderen. Og då er det mykje som er galt og fælt, og mykje potensiellt verdshat boblar opp. Difor skal den vilda bebin få vere hatbloggingsredaktør. Ikkje fordi han har lært å skrive, for det har han ikkje, men fordi han har teft for ting det kan vere «deilig å hate», for å sitere ei norsk piggtrådmusikk-gruppe.

Dagens over og ut – no skal me finne noko å hate. Mitt forslag er rosa.