Rusletur

I Noreg er det vinterferie, og då er det mange nordmenn som kjem til Berlin for å sjå på litt sivilisasjon. (Tyskarane gjer det stikk motsette – dei reiser til Noreg for å sjå natur)

To av dei norske turistane som kom denne vinterferien er Mormora og Moffen. Dei ville på rusletur i Kreuzberg, og eg leika guide. Det såg slik ut:

image

image

image

Endeleg får eg tatt eit bilete av desse sjølv.

image

Kjempe-Skywalker

image

Kjempe-1up

image

...og lei?

Hjelp II

«Æ vil se på Våksmygd Hæmmi», sa den vilda bebin ut av det blå og prøvde å ræppe litt.
«Denne her?», sa eg og satte på denne her:

Og så var alt bra. Cirka. Eg har, som mødre gjerne gjer, fundert litt. Kjem den vilda bebin til å bli gængsta? Er han gængsta? Får han ikkje-så-veldig-gode-idear av å høyre på Vågsbygd Handy? Kjem han til å ville bygge romskip eller henge på Vågsbygd Senter? Er interessen hans for lokal-rap ikkje meir enn ein hyllest til populærkultur og absurdisme? Køyr debatt.

PS: Det er iallefall lite snakk om «pimps and hoes» og anna kvinneundertrykking hos handycap-gutane. Og det er jo positivt.