Was gibt’s? Aufregendes!

Tirsdag altså. Vill dag. Dypvannsfisk + U-Bahn = Anekdote.

Eg var i Mitte for å leike akademikar, og for å komme seg til og frå Mitte tar eg alltid U-Bahn. Så eg dro til Mitte, gjorde det eg skulle der, labba forbi alle turistane og ned til U Französische Straße, satte meg på toget og tok eit bilete av tagging inne på toget

image

Noko som er litt uvanleg

Eg bytta til U7 og sette meg ned i den litt åndsfråverande modusen ein skal ha på U-Bahn. På Südstern byrja dei rundt meg å grave i veskar og lommar, og då nokon kviskra «Kontrolle!» gravde eg óg i veska. Men ulikt dei rundt meg har eg gjord sport ut av det å køyre svart, så eg hadde sjølvsagt ikkje billett. Utruleg nok var kontrollørane meir opptekne av å plage ein gamal alkis, så på Hermannplatz glei eg ut av vogna og venta på neste tog. Heilt ninja.
Då eg var ferdig med tog og slikt eit par minutt seinare traff eg dei her:

image

OMG, street people!, tenkte eg

Og frå då av kunne ikkje den tirsdagen ha vorte betre. Hurra!

Schillerkiez

Schillerkiez ligg mellom Hermannstraße og Tempelhofer Feld, og vart opprinnelig bygga som eit sossestrøk. No vert strøket invadert av hipstarar, noko dei venstreradikale som invaderte strøket først ikkje tykkjer er så kult. Meir om det seinare.
I dag var me på safari i Schillerkiez, og fann dette:

image

Typisk antideutsche.

image

Denne sjablongen går igjen fleire stader i nærleiken.

image

Baby på dør

Technoyoga!

Dette er ei anekdote som er for bra til at den ikkje publiserast på nett:

Ei gong kom Pappa Sunnifa på vitjing. Eg sa til ho at ho skulle ta TXL-bussen frå flyplassen til Alexanderplatz så me kunne turistifisere oss ferdig så fort som mogleg. Det gjorde ho, og fekk kosa seg med den flotte arkitekturen Berlin har å by på. Eg tok U-Bahn til Alexanderplatz og ramla i retning Fernsehturm mens eg venta på livsteikn. Etter mykje klabb og babb og to gale nordmenn som ikkje fann kvarandre fekk eg beskjed om at Pappa Sunniva stod under ein bro, ved sida av ein plakat der det stod «Technoyoga». Me fann kvarandre der, og vart einige om at technoyoga definitivt er sporten for oss.

Så, eit par dagar seinare, tusla me ned ei viss travel gate i Neukölln. Då me gjekk forbi ei av dei 10000 butikkane der dei selg siste skrik innen jallamote oppdaga me dei perfekte buksane. Dei var sånne buksar som alle som prøver å f. eks. få seg eit nytt og betre liv, eller i alle fall er ivrige på yogafronten har på seg når dei gjer nettopp yoga. Perfekt yogabukseform. Men det aller beste er: DEI ER REFLEKSGULE. Herleg skrikande, 90-talls, augekreftframkallande refleksgule. Eg investerte på flekken, for eit par vaskeekte technoyogabuksar er auf jeden Fall ein av dei 7 tinga eg skal få lov å eige i dette (nye og betre) livet.

Å drive med technoyoga er utfordrande på ei litt anna måte enn vanleg yoga. Den rolege, sømndyssande oriental/ambientmusikken ein liksom skal gjere vanleg yoga til er ikkje det heilt store. Dermed vert det litt vrient å halde pulsen roleg. Dessutan, når man kjem til uttanasana (når ein bøygar seg og glor rett på sine eigne kne), så får ein litt sjokk, for ein har jo sjokkfarga buksar på. Men det er alt i alt ein bra sport, og ikkje minst ei festleg anekdote.

Snø!

Eit av emna eg kanskje bloggar ivrigst om, er når det snør i Berlin. Og i dag snødde det. No ligg det eit fint, kvitt lag over heile byen, og det ser så fint og idyllisk ut. I morgo er det sikkert slaps alt saman, for det vert snø som regel her, men nett no er det veldig fint. Eg likar snøen her.

Vaksine/Integrering

«WAS? Du er ikkje vaksinert mot hepatitt B? Kvifor ikkje??», datt det ut av legen som skulle ta blodprøvar av meg.

«Nö… Eg er ikkje tysk», svara eg som sant er. Eg måtte faktisk presisera at eg ikkje er tysk.

Plutseleg var eg ikkje berre ei jente som var innom for å avgje ei blodprøve, eg var ein farleg utlending som hadde stor risiko for å drasse rundt på farlege infeksjonar og som måtte testas og ufarleggjerast så fort som mogleg. Legen fiska fram eit ekstra reagensrøyr fortare enn svint og forsynte seg med litt meir av blodet mitt. Femten nye kryss på eit nytt skjema: Ekle utlendingar må testast for hepatitt A, B, C, D og E, Influensa A H1N1, svineinfluensa, fiskeinfluensa, munn og klovsyke, sovesyke, malaria (særs aktuellt for nordeuropearar), SARS og syfilis. For er ein ikkje vaksinert, så er det det same som at ein har sykdommen, i følgje tysk logikk.

«Altså, då treng me fødselsdatoen din og namnet ditt på dette herre skjemaet», snøvla sekretæren på brei østtysk dialekt. Eg må faktisk, etter 14 månader i dette landet, tenke meg grundig om kvar gong eg skal oppgje fødselsdatoen min. Eg fekk stotra fram dei rette tala og sa kva eg heiter. I Noreg må eg som regel stava etternamnet mitt. I Tyskland må eg stava fornamnet mitt og etternamnet mitt samtidig som eg forklarer korleis ein kan transkribera rare teikn som ÆØÅ til tysk fonetikk.

Eg er glad legesekretærar flest i Tyskland ôg lid av denne handleddsdefekten som gjer at ein får legeskrift, for kråkeføtane som stod på skjemaet då ho var ferdig var totalt uleselege. Heldigvis er eg nok den einaste nordmannen med min fødselsdato i heile Berlin, så dei skjønar vel at det er mine prøvar når eg kjem attende. Om dei skjønar at eg ikkje er tysk, då.

Oj, eg har visst mammablogg

Hei internett, hei bloggen.

Eg hadde gløymd dykk litt, eg. Eller, neidå, eg hadde ikkje det. Kanskje berre ignorert dykk litt den siste tida. Ikkje noko personleg, altså.

Såh. Kanskje eg skal skrive litt om kva me har gjort i det siste. Ja, det var ein god idé. I det siste har me….. øh. Me har liksom ikkje gjort noko som er interessant for nokon andre den siste tida. Den vilda bebin har vore i barnehagen. Det som skjer der er tausheitspliktig, så derfrå er det ikkje mykje å fortelle.
Og så har me vore på leikeplassen. Det var skikkelig kult; der, vettu, der har me….. leika.

Og så har me bada, ete og levd livet. Skikkleg masse som eg kunne skreve om, men kven bryr seg eigentleg om kvaforslags kvardagssyslar me driv med? Det raker jo liksom ikkje nokon heller.
Eg trur mammablogging er litt kjedeleg.

5 tyske filmar

For halvanna år sida skreiv Kathleen eit innlegg om sine 5 på topp tyskspråklege filmar. No gjer eg det same. Kor filmane er på lista er litt vilkårleg.

    Sonnenallee (1999), Leander Haußmann
    Me leste romanen til Thomas Brussig som denne filmen er basert på då eg studerte tysk i Noreg, og eg elska han. Så såg me filmen, og hei, denne filmen har eg sedd 8 gonger no, og den er like hysterisk morosam kvar gong.
    Ein vennegjeng bur i den kort enden av Sonnenallee, den sida som er på austsida av muren. Frå stugevindauga kan dei kikke over til Vest-Berlin (faktisk har dei så god utsikt der nede i Pläntnerwald at dei kan sjå til Kudamm). Micha og kompisane hans er oppteke av musikk, og vil aller helst høyre på den musikken som er forbode. I tillegg flørtar den penaste jenta på skulen med ein vest-berliner, og onkel Heinz smuglar med seg strømpebuksar og kaffi kvar gong han kjem på besøk. Mykje forviklingar, ablegøyar og tenåringskleinheit, og på toppen av det heile må Micha vise legitimasjon berre han går ut gatedøra.

Sonnenallee

    Krabat (2008), Marco Kreuzpainter
    Filmatiseringa av Otfried Preußler sin roman med same tittel. Eg ha ikkje fått ut fingeren og lese boka enno sjølv om eg fann han på loppis til 1€ for ikkje lenge sida. Eg trur alle tyskarar med sans for fantasy, men som er for gamle for Cornelia Funke sin Tintenwelt-triologi, har tilrådd meg å lese han. Krabat får kjem til ei mølle lang ute i ødemarka, der det foregår mystiske sakar og magiske ting kvar fullmåne (og litt ellers også). Søt fantasyfilm som vel igrunn reddar seg på å ha David Kross, Daniel Brühl og Robert Stadlober på rollelista.

Krabat

    Das weiße Band (2009), Michael Haneke
    Denne filmen er sterk. Billedsterk, tematisk sterk, skodespelarmessig sterk. Nordtyskland ein gong rett før 1. verdskrig, i ein særs pietistisk landby. To timar vakker, grusom filmkunst laga av ein østerrisk regissør.

Das weiße Band

    Effi Briest (1968), Rainer Werner Fassbinder
    Eg veit ikkje heilt om dette kan kallast film. Det er meir ei rekke veldig fotografiske utsnitt i svart/kvitt med Hanna Schygulla som siterar Fontane sin roman. Sjukt fine billete, fantastiske kameravinklar og ei nydeleg måte å filmatisere ein av dei største tyske forfattarane frå romantikken på. Skal du ha både tysk filmhistorie og litteraturhistorie på berre 65 minutt, så sjå denne.

    Effi Briest

    Vier Minuten(2006), Chris Kraus
    Den gamle pianolærerinna Traude byrjar å undervise på det lokale kvinnefengselet. Der får ho kjempeaggressive Jenny som elev. Jenny er fantastisk talentert, og Traude tek ho med seg til ei pianokonkurranse. På veien vert dei betre kjend med kvarandre og får rydda litt opp i fortida til kvarandre.

Vier Minuten

Kos deg med film! Popcorn heiter forresten Popcorn på tysk og.