Her forleden kveld låg eg og vrei meg i senga, og fekk overhovudet ikkje sove, fordi eg tenkte over om det er bokmål eller nynorsk som er likast på tysk. Resonnementet gjekk sånn cirka sånn her:
…til dømes, så kan eg ta ordet “virkelighet”. Bra eksempel, det er jo eit djupt og filosofisk ord. På tysk heiter det wirklichkeit, på bokmål/mi dialekt virkelighet (altså nett det same som på tysk), og på nynorsk røynd. Altså røynd, det er jo eit heilt eiga ord! Wirklichkeit er jo sett saman av tre ord: Wirk-lich-keit. Evt. Virke-lig-het på norsk. Det blir jo ein tilstand (-het) som latar til (virker) å vere lik (-lig) på det me oppfattar. Hoi, så filosofisk. Eg må finne ut av kva etymologien til “røynd” er. Nei, eg må sove. Ååååååh, eg veit alt for lite. Hmm… Wirk-lich-keit.
Kvifor heiter det -keit på tysk og -het på bokmål. Kva er det best å omsette tysk til, då? Tysk er jo fullt av an-be-het-else-ord, (eller an-be-keit-ung-ord som det vert på tysk. Finnes det -else -ord på tysk. Nei, den endinga har me ikkje. Då vert det -ung, som jo vert omsett til -else. Sjølv om det er meir likt på -ing-endinga. NEI NO MÅ EG SOVE
Og etter ein stund sovna eg.