Dagens grovis

“Tyskare har ikkje humor” er eit kjend gjetord. Og ei lita stund då eg ikkje hadde nærare kjennskap til Tyskland enn det eg hadde lært i tysktimane på vidaregåande, så trudde eg at det var sant.
Det er det ikkje. Tyskare har masse humor. Det dei også har, grunna ei *kremt* lita storpolitisk fadese for omkring 60 år sida, så har dei også eit ekstremt nært forhold til det å vere politisk korrekt.

I dag, etter forelesinga (kor me hadde besøk av Sigrid Löffler, (OMG2K, ho er jo kjendis!!!!WTF!!!!) så spurde klassen sin einaste mannlege berlinar om eg forstod dansk.
- Jaudå, det gjer eg jo, men eg må konsentrere meg litt på grunn av fonetikken, svara eg.
- Er det litt som saksisk?, spurde han.
- Ja, det er veldig som saksisk. Til og med språkmelodien er lik, svara eg.
- Her de danskevitsar då?, spurde han.
- Nei, me har svenskevitsar, svara eg.
- Men svenskane har jo finskevitsar, sa han.
- Ja, det er dei same vitsane me har om svenskar som dei har om finnar, svara eg, og vart nesten avbroten av eit
- Fortel ein svenskevits, då!

Oj. Eg kan jo nesten ingen svenskevitsar. Dei slutta liksom å vere morosame da eg gjekk på ungdomsskulen. Så eg tok ei lang tenkepause, og til slut tok eg den komplett dustete om dansken, svensken og nordmannen som gikk inn i et grisehus og vart prompa på. Unntatt svensken, da, som prompa så grisen var den som ikkje orka lukta. Ha ha ha, lissom. Me nordmenn ler av både svenskar og tiss-bæsj-promp-humor på ein gong. Win. Not.

Ho i klassen som eg var i parken med ein gong fortalde at ho har ein pappa som kan ein belgiervits.
- Og så hadde me polenvitsar før, men det er ikkje så sosialt akseptert lengjer.
- Men har de inter-tyske vitsar, då, spurde eg.
- Jaaaaaaaaaa, det har me.
Og så følgde fem vittige minutt med sakservitser. Om The Julekalender vert/er omsett til tysk, så kjem Gjertrud og Olaf definitivt til å vere frå Sachsen.
Og så forflytta samtalen seg til eit område litt lenger øst, nemleg Austerrike.
- Har de austerrikarvitsar, spurde eg.
- Neeeeeeeeeei. Eller kanskje det finnast nokon.
- Eg kan berre ein, sa eg, – Kva seier den austerrikske familiefaren? ‘Kom, la oss gå ned i kjellaren’.

Blikka eg fekk var ein blanding av flaue, sjokkerte, lattermilde og takksame.

5 thoughts on “Dagens grovis

  1. Herleg! Svenske-vitsar er veldig kule!!:]
    Huff, Fritz-vitsen din, har du funne den på sjølv?
    KRAM

    • Nei, det var faktisk pappa som fortalte/dramatiserte den, mens vi hadde familieselskap, og han stod foran kjellerdøra fordi han skulle ned og hente noe. Jeg tror jeg må lese meg litt opp på svenskevitser så språktandemet mitt kan få litt innblikk i norsk viste-kultur. Det er nesten litt flaut at jeg kan så få av dem.
      KOZ

  2. Hvorfor har svensken med seg en bildør i ørkenen? Så han kan rulle ned vinduet om det blir for varmt.

Kommentieren

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s