I år hadde eg verdas finaste julekveld! Alle dei finaste folka i heile Kristiansand var med, og me var ein stor familie sjølv om nesten ingen av dei som var der er i familie.
Det byrja med ein genial idé frå den herlege gjengen i KarmaKosmetix om å arrangere julefeiring for folk som ikkje har så mange rundt seg på julekvelden. Ikkje berre for dei som bur på gata, men og for folk som ikkje har særleg mykje slekt rundt seg, eller som følar seg litt einsame på julekvelden, til dømes fordi dei kjenner seg som femte hjulet på vogna i julekosen.
Då dei hektiske juleførebuingane slo inn på det blide Sørland, tok pappa Sunnifa og eg over arrangør-ballen. Me pakka inn donerte julegavar, fiksa donasjonar av mat og inviterte gjestar. Pappa Sunnifa endte til og med (som alltid) opp i avisa, artikkelen kan du spørje Google om å finne til deg.
Til saman var me ca. 20 stykk om var innom og feira jul. Under julemiddagen var me 15 til bords, og før det hadde alle kosa seg med julegåver, graut og pianospeling (Kristian Landmark var innom og spela julesongar for oss i omtrent tre timar i strekk. Takk, Kristian!). Alle fekk prata litt med kvarandre, alle fekk mat, alle som ville hjelpe til med noko fekk gjere det, og alle som berre ville kose seg fekk gjere det.
Mot all forventing, så fekk me ein julekveld med ei utruleg familiær stemning. Alle var glade for å sjå kvarandre, sida dei som var der enten var gamle venar eller venar ein ikkje kjende enno, og eg sadd med den kjensla som eg berre får av å sjå på Sagan om Karl-Bertil Jonssons Julafton, den kjensla som er ei blanding av fellesskap og julestemning som er heilt magisk. Og så skjøna eg då julekvelden var over, at det var jo nett som Karl-Bertil Jonssons julafton det me hadde laga, berre med ei eiga vri. Me køyrde ikkje rundt og delte ut stolne gåver (det tek seg ikkje så godt ut i røynda som på film), men me gav eit lite stykke jul til folk som ellers ikkje har så mykje jul. Og det er fellesnemnaren mellom vår jul og Karl-Bertil Jonsson.
Og gjett kva familien min i Sverige sende:
Og her er det Don Martin har å seie om saka:

Det hørtes helt fantastisk ut :) Fint å se at julen også kan gjelde for dem som ellers ikkje har noen å familie å feire den med
Det var helt fantastisk, begrepet familie fikk en helt ny betydning den kvelden.