Tysk vs. nynorsk

Her forleden kveld låg eg og vrei meg i senga, og fekk overhovudet ikkje sove, fordi eg tenkte over om det er bokmål eller nynorsk som er likast på tysk. Resonnementet gjekk sånn cirka sånn her:

…til dømes, så kan eg ta ordet “virkelighet”. Bra eksempel, det er jo eit djupt og filosofisk ord. På tysk heiter det wirklichkeit, på bokmål/mi dialekt virkelighet (altså nett det same som på tysk), og på nynorsk røynd. Altså røynd, det er jo eit heilt eiga ord! Wirklichkeit er jo sett saman av tre ord: Wirk-lich-keit. Evt. Virke-lig-het på norsk. Det blir jo ein tilstand (-het) som latar til (virker) å vere lik (-lig) på det me oppfattar. Hoi, så filosofisk. Eg må finne ut av kva etymologien til “røynd” er. Nei, eg må sove. Ååååååh, eg veit alt for lite. Hmm… Wirk-lich-keit.
Kvifor heiter det -keit på tysk og -het på bokmål. Kva er det best å omsette tysk til, då? Tysk er jo fullt av an-be-het-else-ord, (eller an-be-keit-ung-ord som det vert på tysk. Finnes det -else -ord på tysk. Nei, den endinga har me ikkje. Då vert det -ung, som jo vert omsett til -else. Sjølv om det er meir likt på -ing-endinga. NEI NO MÅ EG SOVE

Og etter ein stund sovna eg.

Dagens grovis

“Tyskare har ikkje humor” er eit kjend gjetord. Og ei lita stund då eg ikkje hadde nærare kjennskap til Tyskland enn det eg hadde lært i tysktimane på vidaregåande, så trudde eg at det var sant.
Det er det ikkje. Tyskare har masse humor. Det dei også har, grunna ei *kremt* lita storpolitisk fadese for omkring 60 år sida, så har dei også eit ekstremt nært forhold til det å vere politisk korrekt.

I dag, etter forelesinga (kor me hadde besøk av Sigrid Löffler, (OMG2K, ho er jo kjendis!!!!WTF!!!!) så spurde klassen sin einaste mannlege berlinar om eg forstod dansk.
- Jaudå, det gjer eg jo, men eg må konsentrere meg litt på grunn av fonetikken, svara eg.
- Er det litt som saksisk?, spurde han.
- Ja, det er veldig som saksisk. Til og med språkmelodien er lik, svara eg.
- Her de danskevitsar då?, spurde han.
- Nei, me har svenskevitsar, svara eg.
- Men svenskane har jo finskevitsar, sa han.
- Ja, det er dei same vitsane me har om svenskar som dei har om finnar, svara eg, og vart nesten avbroten av eit
- Fortel ein svenskevits, då!

Oj. Eg kan jo nesten ingen svenskevitsar. Dei slutta liksom å vere morosame da eg gjekk på ungdomsskulen. Så eg tok ei lang tenkepause, og til slut tok eg den komplett dustete om dansken, svensken og nordmannen som gikk inn i et grisehus og vart prompa på. Unntatt svensken, da, som prompa så grisen var den som ikkje orka lukta. Ha ha ha, lissom. Me nordmenn ler av både svenskar og tiss-bæsj-promp-humor på ein gong. Win. Not.

Ho i klassen som eg var i parken med ein gong fortalde at ho har ein pappa som kan ein belgiervits.
- Og så hadde me polenvitsar før, men det er ikkje så sosialt akseptert lengjer.
- Men har de inter-tyske vitsar, då, spurde eg.
- Jaaaaaaaaaa, det har me.
Og så følgde fem vittige minutt med sakservitser. Om The Julekalender vert/er omsett til tysk, så kjem Gjertrud og Olaf definitivt til å vere frå Sachsen.
Og så forflytta samtalen seg til eit område litt lenger øst, nemleg Austerrike.
- Har de austerrikarvitsar, spurde eg.
- Neeeeeeeeeei. Eller kanskje det finnast nokon.
- Eg kan berre ein, sa eg, – Kva seier den austerrikske familiefaren? ‘Kom, la oss gå ned i kjellaren’.

Blikka eg fekk var ein blanding av flaue, sjokkerte, lattermilde og takksame.

Goethe om teater

Frå Prolog zur Eröffnung des Berliner Theaters am 26. Mai 1821:

Jetzt liegt uns nah, was wir auch nicht verschmähn,
Das Possenhafte, gleichfalls gern gesehn:
Doch niemand wünscht sich’s in das eigne Haus,
Die Sittlichkeit wies’ es zur Tür hinaus.
Von Markt und Straßen selbst hinweg gebannt
Hat sich’s getrost der Bühne zugewandt;
Weil dort die Kunst, zu ihrem höchsten Preis,
Gemeine Roheit klug zu mildern weiß,
Daß der Gebildete zuletzt erschrickt,
Wenn ihn Absurdes fesselt und entzückt.

Die Muse des Dramas

Åh, heile prologen, som Goethe skreiv til opninga av das Königliche Schauspielhaus, er ei nydeleg ode til teateret som medie og som institusjon. Eg har falt pladask for både Goethe og teateret igjen. Takk, Johann Wolfgang.

Dagens forespurnad

Om du nokon sinne har lest noko om Judith Hermanns novelle Sommerhaus, später, så ver så snill og tips meg om det. Alt anna enn omtalar er av stor nytte. På førehand takk.

Falls du jemals was über Judith Hermanns Kurzgeschichte Sommerhaus, Später gelesen hast, bitte ein kommentar mit Titel des Artikels/Buchs hinterlassen. Alles außer Kritiken sind zur Zeit sehr hilfbar. Im voraus: Danke.

Berlinerscener #1

Hermannplatz, klokka 14.02

I fotgjengarfeltet over Karl-Marx-Straße er den grøne mannen i ferd med å skifte til ein raud ein, men ung mann gjeng over gata likevel. Mens han er midt i feltet der bilane køyrar i vestgåande retning vert lyset raudt, og bilane som står og ventar på grønt lys får klarsignal. Den unge mannen sprintar dei 4 metrane han har igjen av fila før han er trygt plassert på fortauet. Der fortsett han nedover austsida av Hermannplatz i eit raskt tempo, og med slalomaktige rørsler unngår han akkurat å kollidere med dei andre som går på fortauet. Blikket hans er konsentrert, henda er godt plassert i lommane, og han har tydeleg hastverk.
Når han kjem til lyskrysset i Sonnenallee er han rett ved å kollidere med to jenter som står der og ventar på grøn mann. Han bråstoppar, pustar tungt ut gjennom nesa og rettar eit stivt blikk mot lyssignala. I det lyset skiftar frå raud til grøn mann nøler han eit augneblink før han går over fotgjengarfeltet i same tempo som dei andre. Halvvegs over gata raskar han på, og skjenar oppover mot krysset Kottbusser Damm/Weserstraße. Han fyk over Weserstraße og bort til minibanken i veggen til Berliner Volksbank. Der vert han ståande og fikle med kortet sitt, som ikkje vert registrert av minibanken. Til slutt gir han opp og går inn i banken.
Klokka 14.07

Åh, julestemning!

Dette innlegget er berre (ordentleg) stilig fram til 4. januar.

Wow

Dette bilete har pappa Sunnifa teke, for det er så fint. Eg trur det er teke i februar, men ååååååh, eg får så julestemning av å sjå WordPress-snoen som fall over bilete. Då er det bra, når fisken som aldri har julestemning får julestemning.

“Jag har närt en kommunist vid min barm!”

I år hadde eg verdas finaste julekveld! Alle dei finaste folka i heile Kristiansand var med, og me var ein stor familie sjølv om nesten ingen av dei som var der er i familie.

Det byrja med ein genial idé frå den herlege gjengen i KarmaKosmetix om å arrangere julefeiring for folk som ikkje har så mange rundt seg på julekvelden. Ikkje berre for dei som bur på gata, men og for folk som ikkje har særleg mykje slekt rundt seg, eller som følar seg litt einsame på julekvelden, til dømes fordi dei kjenner seg som femte hjulet på vogna i julekosen.
Då dei hektiske juleførebuingane slo inn på det blide Sørland, tok pappa Sunnifa og eg over arrangør-ballen. Me pakka inn donerte julegavar, fiksa donasjonar av mat og inviterte gjestar. Pappa Sunnifa endte til og med (som alltid) opp i avisa, artikkelen kan du spørje Google om å finne til deg.

Til saman var me ca. 20 stykk om var innom og feira jul. Under julemiddagen var me 15 til bords, og før det hadde alle kosa seg med julegåver, graut og pianospeling (Kristian Landmark var innom og spela julesongar for oss i omtrent tre timar i strekk. Takk, Kristian!). Alle fekk prata litt med kvarandre, alle fekk mat, alle som ville hjelpe til med noko fekk gjere det, og alle som berre ville kose seg fekk gjere det.

Mot all forventing, så fekk me ein julekveld med ei utruleg familiær stemning. Alle var glade for å sjå kvarandre, sida dei som var der enten var gamle venar eller venar ein ikkje kjende enno, og eg sadd med den kjensla som eg berre får av å sjå på Sagan om Karl-Bertil Jonssons Julafton, den kjensla som er ei blanding av fellesskap og julestemning som er heilt magisk. Og så skjøna eg då julekvelden var over, at det var jo nett som Karl-Bertil Jonssons julafton det me hadde laga, berre med ei eiga vri. Me køyrde ikkje rundt og delte ut stolne gåver (det tek seg ikkje så godt ut i røynda som på film), men me gav eit lite stykke jul til folk som ellers ikkje har så mykje jul. Og det er fellesnemnaren mellom vår jul og Karl-Bertil Jonsson.

Og gjett kva familien min i Sverige sende:

Bingo

Og her er det Don Martin har å seie om saka: